torsdag 30. april 2009

”Under en ny måne” av Stephenie Meyer
Boka blei først gitt publisert av - Amerikansk-little, Brown and company I 2006. Boka er på 613 sider.
Den handlar om Bella Swan, ei heilt vanleg jente som blir forelska Edward Cullen, men det største problemet er at han er ein vampyr. Hu ser ikkje det som nokon hindring, men det gjør alle andre rundt ho. Ho har eit ganske merkeleg forhold til faren og vennane. Alt som står i tankane hennes er Edward.
Handlinga skjer i staten Washington i ein liten by ved namnet Forks. Den mest reinfylde byen i USA. Byen ligger ganske aude, mitt mellom masse skog.
Bella sitt hjarte blir knust då Edward forlatar ho. Ho klarar knapt å gå på skulen, og ho tilbringar ikkje tid med venner lengre. Ho druknar i si eiga sorg.
Bella Swan – ho er ei jente som alltid hamner i trøbbel, enten det gjeld å bli spist, drepe eller å hamne på akutten. Ho er ei jente som veit kva ho vil, og det er ikkje alltid ein god eigenskap!
Edward Cullen – han er ein vampyr. Han elske Bella meir enn noko anna, men han veit det er feil, med tanke på kva han er. Han kan høyre kva alle folk i næringa tenker utanom Bella. Han er kjempe sterk, - rask, og ikkje minst kjempe kald i huda.
Om eg skulle ha beskrive boka med ei setning ville eg ha sagt : ”Kjærleik på godt og vondt!”Det eg trur ein kan lære av boka er at ein ikkje skal miste motet, eller trykkje ned seg sjølv. Det kommer alltid betre dagar.
Eg vil seie at boka er ganske lett og lese, fordi den er så spennandes og det som skjer er ikkje så innvikla. Ho brukar ikkje kompliserte ord, man ikkje skjønner kva betyr. Forfattaren er veldig flink til å skrive med streke ord. Ho dreg lesaren inn i historia, og eg følte i alle fall at eg var der, og at historia var sann! Det er ei av dei beste bøkane eg noen gong har lese! Eg anbefaler denne boka til alle! Frå tolvårsalderen til ja, vaksne folk som likar litt fantasi. Boka gjer eg ein seksar. Den er gripande og ein føler ein er til stades. Stephenie leiker med kjenslene våre, og det er fleire stader i boka, man sit med ei klump i halsen.Det er ei gripande historie som er bygget på ein tradisjonell spenningskurve! Det er ei bok som har lege som listetopp i mange land, og boka er oversatt til mange språk! Twilight er Stephenie Meyers første romanserie, og dette er hennes andre bok. Eg kan ikkje vente på at neste bok i serien på fire blir overset, så eg skal lese trearen på engelsk.

Ingen kommentarer: